Velkommen til Herøy Rotary


Herøy Kommune

ligg ytterst i havgapet på Søre Sunnmøre.

Kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg som fekk bystatus i 2000.

 Sjå;  www.heroy.kommune.no

 

Kring 8900 (pr 2013) bur i Herøy kommune som er delt i ein ytre og ein indre del, bunde saman av "Herøybrua".  Elles er kommunen bunde saman av mange fleire bruer; "nøre" og "søre vaulen", "stridestraumen", "buholmen", "Rundebrua" og også "Dragsundbrua" over til Ulstein.  I mange år vart kommuna difor med rette kalla for "brukommuna Herøy".

Levevegen er maritimt retta, særleg med eigarskap og drift av offshorefartøy, kystvaktfartøy og fiskefartøy som dei største næringane, men også med ein underskog av servicetilbod særleg retta inn mot dei maritime næringane.

Fosnavåg vart kåra til årets næringsby av bladet Kapital både i 2008 og 2010. I seg sjølv ei utruleg bragd.

Fosnavåg har truleg den største klynga i Norge for supplyskip og også kystvaktskip, og mellom dei to-tre største for fiskefartøy.

Også verdas største lakseslakteri ligg i Herøy (på Eggesbønes).

Fulgeøya Runde ligg i kommunen og er nok det mest kjende "landemerket" på våre kantar.

Elles har kommunen eit yrande kultur og organisasjonsliv, med mellom anna ein svært aktiv kulturskule, idrettslag (Bergsøy IL), fleire korps, kor, lag og organisasjonar.

Som ein forstår står BÅTEN i sentrum for mykje av det som skjer i Herøy no som før.  Dei eldste rekonstruerte skipa som er funne i landet er funne her (Kvalsundskipa frå kring 700 e kr.).  Kopiar av båtane er bygd og fins på hhv. Herøy Kystmuseum og Sunnmøre Museum.

Kopi er det og bygd av "Sunnmørsjekta". Denne kopien ligg ved Herøy Kystmuseum og heiter "Anna Olava". På bildet under er den ført av folk frå Herøy Rotaryklubb, og vert også nytta til enkelte turar for klubben.

 

http://webwiz12716.rotary.no/files/cms_userfile/heroy_kommune/anna_olava_r_400x300.jpg

 Foto.Robert Voldnes

 

 Fosnavåg er kommunesenteret til Herøy Kommune.  Fosnavåg tyder "den løynde vågen" og er av norges største naturlege hamner.

 

 

http://webwiz12716.rotary.no/files/cms_userfile/e6ew3190-jpg_400x266.jpg

Fosnavåg havn, juli 2008. Foto Fredd Brekke

 

 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Thon Hotel Fosnavåg
Adresse: Gerhard Voldnes veg 7
Postnummer: 6090
Sted: Fosnavåg
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: All post sendes til: Herøy Rotaryklubb, v/President Oddrun Eidem Kleppe oekleppe@tussa.com - 958 81 334


Lutafiskgilde på Bogne breseri (tidlegare Prego)
26. nov. 2018, 19.00

Det vert sendt ut liste for påmelding. Dei som i ...

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...