KLUBBEN / OM KLUBBEN

Kartdata
Kartdata ©2020
KartdataKartdata ©2020
Kartdata ©2020
Kart
Satellitt

om klubben

Charterdato for Herøy Rotaryklubb er 12.februar 1966, og første presidenten var fiskeskipper og tidlegare ordførar i Herøy, Magnus Berge.

Dei første åra hadde klubben møtelokale i kjellaretasjen i gamle Vestvang bokhandel. Seinare flytta klubben rett over gata til kantina til Herøy og Leikong sparebank, nå Sparebanken Møre, og deretter ei kort periode i Fosnavåg turisthotell (tidlegare Urheim og Herøy Hotel) sine lokale. Så fekk klubben lov til å nytte kantina til Sunnmørsbanken (nå Nordea) til møtelokale i ei årrekkje. Men på grunn av eigarskifte, måtte ein på nytt sjå seg om etter eigna møtelokale. Dermed havna vi i Sparebanken Møre si kantine igjen, og vart der til dess der skulle byggast om. Deretter var vi ei periode i Voldnesbygget i Ura.

I 2008 vart det flytting til nytt møterom i Siva-bygget si kantine på Mjølstadneset. I tillegg til stort og fint lokale, fekk klubben her også hand om eit godt tenleg arkiv- og lagerrom.

Fram til klubben si siste flytting heldt medlemstalet seg relativt konstant ,-nokre år i underkant av 30, - men dei fleste åra i overkant av 30.

Gjennom åra har det likevel vore stor utskifting av medlemmer, og i dag er det att kun ein av dei opphavlege charter-medlemmane, nemleg tidlegare ordførar og mangeårig formann i styret for Eiksundsambandet Knut Nærø.

No skal  ikkje Herøy rotaryklubb direkte krediterast at Eiksundsambandet vart ein realitet, men av møteprotokollane går det fram at temaet har vore oppe ofte, og at engasjementet har vore stort.

Dei to siste åra har medlemstalet auka, og klubben har i oktober 2011 i alt 42 medlemmar. Det vert lagt mykje vekt på kontinuerleg rekrutteringsarbeid, og klubben har eit uttalt mål om netto eit medlem i vekst per år.  Kring 5o medlemmar meiner vi er ideelt, og er eit langsiktig mål. 

Klubben har alltid vore oppteken av større og mindre saker i lokalsamfunnet, og berre to år etter at klubben var starta,- i 1968, kalla klubben inn til drøftingsmøte om  idrettshall/forsamlingshus i Herøy.

Det var lagt opp til brei deltaking med representantar frå ulike kommunale instansar og nemnder, skular, idrettslag, politiske parti og frivillige organisasjonar.

Gymnastikkinspektør Kaare Viken og arkitekt Mathias Aasen var til stades som fagpersonar, og møtet enda med at eit arbeidsutval vart nedsett. Tre av dei fem medlemmene var rotarianarar.

Det tok nokre år å realisere prosjektet, men no har Herøy kommune hatt stor glede av både idrettshall og kulturhus i ei årrekkje. Ja, kulturhuset har lenge vore sjølve ”storestova” på Ytre Søre.

Det neste konkrete prosjektet som klubben brukte mykje tid på frå 1978 og utover på 80-talet, var restaureringa av Herøy gard. Kvart einaste år var det dugnadskveldar med rivings-og oppattbyggingsarbeid, samt innvendig oppussing på så vel hovudbygning som andre bygningar.

Etter kvart utvikla dette seg til Herøy kystmuseum og til eit naturleg sentrum på sagaøya Herøy, der det også er kyrkjestad frå middelalderen,  gammal klosterplass , og i dag også speleplass for det historiske Herøyspelet "Kongens Ring".

I seinare år har Herøy rotaryklubb sitt bidrag vore plenslått og rydding før det store innrykket i samband med Herøystemne og Herøyspelet "Kongens Ring".  Men i 2010 hadde hovudbygningen behov for måling, og då stilte klubben opp og hjelpte til med det.

Det største einskildprosjektet til no er likevel restaureringa av eit krigsminne på øya Skorpa. Murane av eit sommarfjøs som vart nytta til å skjule folk i samband med Nordsjø-trafikken under siste verdskrig stod der, men sjølve bygningen var blitt borte.

Herøy rotaryklubb bestemte seg for å få oppatt dette minnesmerket, og under leiing av medlem og arkitekt Roald Sporstøl kom sommarfjøset etter kvart opp slik det hadde vore før.

Og laurdag 12.juni 1993 kunne ei storstilt markering av krigsminnet i Skorpesundet finne stad. Dei fleste skjulestadane til Shetlandsfararane  varte 7-8 månader, men sommarfjøset i Skorpesundet heldt stand i heile fire år utan at det tyske tryggingspolitiet fann utav det og det knyter seg mange dramatiske historier til denne staden. 

KNM ”Hitra”, som var sentral i Shetlandstrafikken, tok del i markeringa, og mange krigsveteranar med tilknyting til Skorpesundet var til stades.

Klubben hadde også eit interessant prosjekt i 1995,- det såkalla Litauen-prosjektet.

Då ordna klubben det slik at ei skuleklasse frå ein vidaregåande skule i Visaginas i Litauen fekk høve til eit Norgesopphald på heile 14 dagar. Alt vart tilrettelagt for elevane. Dei budde hos rotary-familiar, og  klubben ordna det slik at dei slapp reiseutgifter og andre utgifter.

Opphaldet vart ei fin veksling mellom ekskursjonar, turar og meir avslappande aktivitetar.

Fleire av dei gjestande elevane har god kontakt med vertsfamiliane sine den dag i dag, og for alle vart det ei oppleving for livet.

For dette engasjementet fekk klubben besteprisen på distriktskonferansen i 1996,- og hadde såleis samleplaketten på lån fram til neste distriktskonferanse.

Eit anna prosjekt med tilknyting til Skorpesundprosjektet er synleggjering av Shetlandstrafikken i form av  innsamla bilete og effekter frå krigstida.

Denne utstillinga, som er laga slik at den kan synast fram fleire gonger, og som også vonleg får ein permanent utstillingsplass, vart opna i klubben sitt møtelokal i september 1998. Den kjende milorgmannen  og tidlegare distriktsguvernør Joachim Rønneberg stod for den offisielle åpninga. 

I samarbeid med Herøy kystlag vert det no (i 2011) arbeidd med fast plass for utstillinga i kystlaget sine lokale i "slippen" i Nørvågen.

Vidare har Herøy rotaryklubb teke initiativ til at KNM ”Hitra” skal legge opp til årlege besøk kommunen, og då er målgruppa først og fremst elevar på ungdomssteget.

Det årskullet som arbeider spesielt med krigshistoria får på denne måten eit unikt møte med ”levande krigshistorie”, og så langt er røynslene med desse besøke svært gode.  Så vel mannskap som elevar og lærarar har kun lovord om tiltaket.

I ein tiårsbolk, fram til 2008, hadde klubben eit fast årleg prosjekt, nemleg tilskiping av ein vinterfest for pensjonistar.  Då vart forsamlingssalen i kulturhuset utstyrt med småbord , og pensjonistane i heile kommunen vart inviterte til å melde seg på.

Klubben sytte for eit allsidig og interessant program, og i samarbeid med kokkelina på vidaregåande skule vart det også sytt for god servering.  Dei som hadde behov for skyss til og frå, melde frå om det, og klubben sine folk køyrde pensjonistane til og frå.

Kvart år var det fulle hus, og kvar gong gav gjestene uttrykk for at det var vellukka.

Lokalpressa synte heile perioden stor interesse for tiltaket, og i 2002 fekk klubben distriktet sin ærespris for beste prosjekt nettopp for dette arrangementet.

Etter kvart tok eldrerådet til å arrangere ein fest med om lag same innhald og omfang som  Herøy rotaryklubb sin vinterfest, og då fann klubben det rett å slutte med akkurat denne typen tilskiping.

No legg klubben i staden opp til ein kveld med lokalhistorisk tema i kyrkjelydssalen. Også denne tilskipinga har vorte svært godt motteken, og alt tyder på at klubben vil halde fram med dette vidare framover.

Herøy rotaryklubb tok også initiativ til, og gjennomførte opprusting og stell av grava til Sara Daae Thoresen på gravstaden på Moltu . Ho vart svigermor til Henrik Ibsen, men døydde diverre alt for ung til at ho fekk oppleve dette sjølv. No syter klubben for årleg stell av grava hennar.

Eit anna prosjekt har vore arbeidet med å få til radio-overføring frå Herøy kyrkje til alders- og sjukeheimane. Dette er no gjennomført.


Om Herøy Kommune

Herøy Kommune ligg ytterst i havgapet på Søre Sunnmøre.

Kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg som fekk bystatus i 2000.

 Sjå;  www.heroy.kommune.no

Kring 8900 (pr 2013) bur i Herøy kommune som er delt i ein ytre og ein indre del, bunde saman av "Herøybrua".  Elles er kommunen bunde saman av mange fleire bruer; "nøre" og "søre vaulen", "stridestraumen", "buholmen", "Rundebrua" og også "Dragsundbrua" over til Ulstein.  I mange år vart kommuna difor med rette kalla for "brukommuna Herøy".

Levevegen er maritimt retta, særleg med eigarskap og drift av offshorefartøy, kystvaktfartøy og fiskefartøy som dei største næringane, men også med ein underskog av servicetilbod særleg retta inn mot dei maritime næringane.

Fosnavåg vart kåra til årets næringsby av bladet Kapital både i 2008 og 2010. I seg sjølv ei utruleg bragd.

Fosnavåg har truleg den største klynga i Norge for supplyskip og også kystvaktskip, og mellom dei to-tre største for fiskefartøy.

Også verdas største lakseslakteri ligg i Herøy (på Eggesbønes).

Fulgeøya Runde ligg i kommunen og er nok det mest kjende "landemerket" på våre kantar.

Elles har kommunen eit yrande kultur og organisasjonsliv, med mellom anna ein svært aktiv kulturskule, idrettslag (Bergsøy IL), fleire korps, kor, lag og organisasjonar.

Som ein forstår står BÅTEN i sentrum for mykje av det som skjer i Herøy no som før.  Dei eldste rekonstruerte skipa som er funne i landet er funne her (Kvalsundskipa frå kring 700 e kr.).  Kopiar av båtane er bygd og fins på hhv. Herøy Kystmuseum og Sunnmøre Museum.

Kopi er det og bygd av "Sunnmørsjekta". Denne kopien ligg ved Herøy Kystmuseum og heiter "Anna Olava". På bildet under er den ført av folk frå Herøy Rotaryklubb, og vert også nytta til enkelte turar for klubben.            


PAUL HARRIS FELLOW

Dette er ein heider som klubben kan gi til privatpersonar som utmerkar seg på ulike vis.

Følgande personar har fått tildelt PHF i regi av Herøy Rotaryklub;

Jens T. Johnsen: Tidligere res.kap. i Herøy -, vart heidra for sin allsidige innsats for hjelpetrengande i lokalsamfunnet, og ikkje minst for hans engasjement for vanskelegstilde innvandrarar.    

Knut Nærø: Klubbmedlem og "Eiksundgeneral", chartermedlemen. Bakgrunnen er naturleg nok i første rekkje hans store engasjement for samferdselssaker, der Eiksundsambandet vart "kruna på verket". Men Knut har på ulike vis vore med på all brubygging i Herøy i nyare tid -bruene over Vaulane (1967-68), Herøybrua (1976) og Rundebrua (1982).  Som lokalpolitikar gjennom 20 år, der han m.a. hadde ein 4-årsbolk som ordførar, har han i tillegg synt eit allsidig samfunnsengasjement.  Alt dette var også grunngjeving for at han i 2010 fekk tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Per Sævik: Industri og samfunnsbyggjaren.  Han fekk utmerkinga for sitt store engasjement for både lokalsamfunn, kristenlivet og næringslivet.  Sævik har to gongar gått på børs med sine føretak, og er på mange måtar "bjellesauen" for offshoresatsinga her lokalt. Han har vore ordførar i Herøy, stortingsmann og ellers svært aktiv i foreiningsliv både lokalt og nasjonalt.  

Roald Sporstøl: Tidlegare distr.guvernør og vårt klubbmedlem har også fått Paul Harris. Han vart utnemnd av distriktet i samband med m.a. guvernørtenesta.

Arnljot Grimstad: Skulemann, forfattar og kulturarbeidar.  Fekk sin PHF for nettopp sitt engasjement for kulturlivet i Herøy.  Arnljot var og ein av initiativtakarane til Herøyspelet (i lag med Roald Sporstøl).

Steinar Åheim: skulemann og sogelagsmann, og den i vår klubb som er mest aktiv med det å besøke andre klubbar.  Truleg verdas einaste faste Rotaryklubbmusikant, som alltid stiller opp med anten trekkspelet eller ved pianoet, anten det no er ved rotarymøter eller i andre samanhengar. 

Per Arne Gjerdsbakk: Fekk sin Paul Harris på Distriktskonferansen i 2012 for mangeårig innsats for Rotary på klubb- og distriktsnivå.Som president for Herøy RK og ikkje minst som assisterande guvernør i Distrikt 2280 og 2305.

Bjørn Martin Aasen: På jubileumsfesten 12.02.16 fekk Bjørn Martin Aasen tildelt PHF for sin store samsfunngagnelege innsats. Han har hatt utallige tillitsverv lokalt og nasjonalt, både i helsesektoren og politisk. Og i sitt arbeide som lege, kommuneoverlege og helseleiar i Herøy har han gjort ein stor innsats for å betre folkehelsa.

Robert Skeide: "Robert Skeide har vore ein solid aktør i det lokale kulturlivet i Herøy i fleire tiår. Eg vil spesielt trekke fram innsatsen han har gjort i alle kora han har dirigert og sunge i, og ikkje minst den framifrå innsatsen han har gjort som rektor for kulturskulen. Han har løfta fram Herøy kulturskule til den 3. største i fylket", seier Paul Lillebø under utdelinga av prisen.

Terje Krogset: Terje har vore aktiv medlem i Rotary sidan 1977 då han fyrst var medlem i klubben på Giske, før han kom til klubben i Herøy. Her vart han også etter kvart Rotary-president fra 1986-1987. Sida 2012 har han vore kasserar, ei rolle som passar mannen svært godt. Han er tidligare banksjeg hjå Sparebanken Møre. Krogset har ikkje vore aktiv berre i Rotary. Han har gjort ein fantastisk jobb med eldretrim i Herøy kyrkje, samt konseptet "Eldrebølgen" på sjukeheimen i ytre Herøy. Han er ein god aktivitetsvenn, og trillar pasientane rundt ute når vèret er brukande til det. Som om ikkje dette er nok, er han også leseombod for sjukeheimane. Han er også leiar i Ytre Herøy pensjonistforeining, og er med på å arrangere pensjonistturar.


 

 
















Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Sanitetshuset - Trekløver
Adresse: Sjukeheimsvegen 3
Postnummer: 6092
Sted: Eggesbønes Fosnavåg
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: All post sendes til:
Herøy Rotaryklubb,
v/President Leif Jon Hansen
adr.: Rabbegjerdet 5B, 6091 Fosnavåg
tlf: 915 67 666
mail: leif.jon@kuldepartner.no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...